
======================================================================
LibreOffice 4.3 ReadMe
======================================================================


For dei siste oppdateringane av denne fila, sjå http://www.libreoffice.org/welcome/readme.html

Denne fila inneheld viktig informasjon om LibreOffice. Du bør lesa denne informasjonen nøye før installasjon.

Miljøet rundt LibreOffice er ansvarleg for utviklinga av dette produktet og inviterer deg til å verta ein del av samarbeidet som bidragsytar. Er du ein ny brukar, kan du kikka innom nettstaden til LibreOffice. Der vil du finne masse informasjon om prosjektet LibreOffice og miljøet rundt det. Gå til http://www.libreoffice.org/.

Er LibreOffice verkeleg gratis for alle?
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice er gratis å bruke for alle. Du kan installere dette eksemplaret av LibreOffice på så mange datamaskiner du vil, og bruke det til kva du vil (gjeld også bruk i det offentlege, i næringslivet og innan utdanning). Du kan lese meir om vilkåra i lisensteksten som følgjer med LibreOffice eller på http://www.openoffice.org/license.html

Kvifor er LibreOffice gratis for alle?
----------------------------------------------------------------------

Denne kopien av LibreOffice kan brukast gratis fordi individuelle bidragsytarar og korporative sponsorar har laga, utvikla, testa, omsett, dokumentert, støtta, marknadsført og hjelpt til på mange andre måtar for å gjere LibreOffice til det er i dag - verdas leiande Open kjeldekode-produktivitetgruppevare for heim og kontor.

Dersom du verdset innsatsen deira og vil syte for at LibreOffice held fram med å vere tilgjengeleg langt inn i framtida, kan du vurdere å bidra til prosjektet. For nærare informasjon: http://www.documentfoundation.org/contribution/. Alle kan bidra med noko.

----------------------------------------------------------------------
Merknader om installasjonen
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice bruker ein nyare versjon av Java køyretidsmiljø (JRE) for å kunne ta i bruk alle funksjonane. JRE er ikkje ein del av installasjonspakka for  LibreOffice og må difor installerast ekstra.

Systemkrav
----------------------------------------------------------------------

Vi tilrår å bruke installasjonverktøya i Linux-distribusjonen for å installere LibreOffice (som programvaresenteret i Ubuntu Linux.) Dette er normalt den enklaste måten å få ein installasjon som er optimalisert med tanke på integrasjon i systemet. LibreOffice kan også vere installert som standard.

Dette «frittståande» installasjonverktøyet for LibreOffice er laga for brukarar med behov for førehandsvisingar, med spesielle behov og i spesielle tilfelle.

* Versjon 2.6.18 eller nyare av Linux-kjernen
* glibc2 versjon 2.5 eller nyare;
* freetype version 2.2.0 eller høgare;
* Versjon 2.10.4 eller nyare av gtk
* Gnome 2.16 eller høgare, med pakkane gail 1.9 og at-spi 1.7 (nødvendig for å støtta hjelpeteknologiske verktøy [assistive technologies, AT]), eller ein annan kompatibel GUI (som KDE mellom andre).

Det finst mange Linux-distribusjonar, og installasjonalternativa kan variera hos dei ulike leverandørane (KDE kontra GNOME osv.). Ein del distribusjonar kjem med deira «eigen versjon» av LibreOffice, som kan vera ulik den versjonen miljøet gjev ut. I mange tilfelle kan både versjonen av LibreOffice frå miljøet og den frå distribusjonen verta installerte side om side, men det kan hende at det er ønskjeleg eller nødvendig å fjerna versjonen som følgde med distribusjonen før installasjon. For detaljert informasjon om korleis dette kan gjerast, sjå etter i brukarrettleiinga frå Linux-leverandøren.

Du bør alltid ta ein reservekopi av systemet før du fjernar eller installerer programvare.

Kontroller at det er nok tilgjengeleg minne i mappa for mellomlagring i operativsystemet og at du har lese-, skrive- og køyrerettar på denne mappa. Lukk alle andre program før du starter installasjonen.

Installasjon av LibreOffice på Debian/Ubuntu-baserte Linux-system
----------------------------------------------------------------------

Les avsnittet «Installera språkpakke» nedanfor om korleis ei språkpakke skal installerast (etter at den US-engelske versjonen av LibreOffice er installert).

Når du pakkar ut nedlastinga vil du sjå at innhaldet er fordelt på undermapper. Opna filhandteraren og byt til undermappa kalla «LibreOffice_» etterfylgd av versjonsnummeret og informasjon om kva plattform installeringa er laga for.

Denne mappa inneheld ei undermappe med namnet «DEBS». Bytt til denne mappa.

Høgreklikk i mappa og vel «Opna i terminal». Eit terminalvindauge kjem fram. Skriv den følgjande kommandoen (du vert beden om å oppgi passordet til superbrukar/administrator før køyring av kommandoen) i kommandolinja i terminalvindauget:

Denne kommandoen vil installera LibreOffice og skrivebordsintegrasjonen. (Du kan enklast kopiera og lime inn kommandoen i vindauget i staden for å skrive den inn manuelt):

sudo dpkg -i *.deb

Installasjonprosessen er nå fullført, og ikon for alle programma i LibreOffice skal vera tilgjengelege i  program-/kontormenyen på skrivebordet.

Installering av LibreOffice på Fedora, openSUSE, Mandriva og andre Linux-system ved hjelp av RPM-pakker.
----------------------------------------------------------------------

Du finn rettleiing om installering av språkpakker (etter å ha installert US engelsk-versjonen av LibreOffice) nedanfor i bolken  med namnet «Installera språkpakker».

Når du pakkar ut nedlastinga vil du sjå at innhaldet er fordelt på undermapper. Opna filhandteraren og byt til undermappa kalla «LibreOffice_» etterfylgd av versjonsnummeret og informasjon om kva plattform installeringa er laga for.

Denne mappa inneheld ei undermappe kalla «RPMS». Bytt til denne mappa.

Høgreklikk i mappa og vel «Opna i terminal». Eit terminalvindauge kjem fram. Skriv den følgjande kommandoen (du vert beden om å oppgi passordet til superbrukar/administrator før køyring av kommandoen) i kommandolinja i terminalvindauget: 

For Fedora-baserte system: su -c 'yum install *.rpm'

For Mandriva-baserte system: su -c urpmi *.rpm

For andre RPM-baserte system (openSuse osv.): rpm -Uvh *.rpm

Installasjonprosessen er no fullført, og ikon for alle programma i LibreOffice skal vera tilgjengelege i  program-/kontormenyen på skrivebordet.

Alternativt kan du bruka «insstall»-skriptet som du finn øvst i denne arkivmappa for å installera som ein brukar. Skriptet vil setja opp LibreOffice med ein eigen profil for denne installasjonen, skild frå den normale LibreOffice-profilen. Merk at dette vil ikkje installera systemintegrasjonsdelar som skrivebordsmenyar og registrering av MIME-typar.

Merknader for skrivebordintegrasjon i Linux-distribusjonar som ikkje er dekka i installasjonsrettleiinga over
----------------------------------------------------------------------

Det er tolleg enkelt å installera LibreOffice på andre Linux-distribusjonar som ikkje vert dekka av installasjonsrettleiinga. Integrasjonen av programvaren på skrivebordet kan variere.

RPMS-katalogen (eller DEBS, respektive) indeheld også ei pakke ved namnet libreoffice4.1-freedesktop-menus-4.1.0-3.noarch.rpm (eller libreoffice4.1-debian-menus_4.1.0-3_all.deb eller tilsvarande). Dette er ei pakke til alle Linux-distribusjonar som har støtte for Freedesktop.org-spesifikationane/tilrådingane (http://en.wikipedia.org/wiki/Freedesktop.org) og er tatt med for installasjon på andre Linux-distribusjonar som ikkje er dekka av instruksjonane nemnde tidlegare.

Å installere ei språkpakke
----------------------------------------------------------------------

Last ned språkpakka for det ønskte språket og den ønskte plattforma. Dei er tilgjengelege frå den same staden som standardinstallasjonen. Pakk ut det nedlasta arkivet i ei mappe (for eksempel skrivebordet) ved hjelp av filhandteraren. Sjå etter at du har avslutta alle program i LibreOffice (inkludert snøggstartaren dersom denne er aktiv.)

Bytt til mappa der den nedlasta språkpakka blei pakket ut.

Opna mappa som vart oppretta under utpakkinga. For eksempel vil mappa med norsk språkpakke for eit 32-bit Debian/Ubuntu-basert system ha namnet LibreOffice_ med versjonsnummer og Linux_x86_langpack-deb_nn. 

Byt til mappa som inneheld pakkene som skal installerast. På Debian/Ubuntu-baserte system vil katalogen heite DEBS. På Fedora-, openSUSE- og Mandriva-baserte system vil kataloge heite RPMS.

Frå filhandteraren, høgreklikk i mappa og vel kommandoen «Opna i terminal». I terminalvindauget, køyr kommandoen for å installere språkpakkene (kommandoane under vil kanskje kreve passordet til superbrukar):

For Debian/Ubuntu-baserte system: sudo dpkg -i *.deb

For Fedora-baserte system: su -c 'yum install *.rpm'

For Mandriva-baserte system: su -c urpmi *.rpm

For andre RPM-baserte system (openSuse, osv.): rpm -Uvh *.rpm

Start opp eit av programma i LibreOffice, for eksempel Writer. Gå til menyen «Verktøy» og vel «Innstillingar». I dialogvindauget «Innstillingar», trykk på «Språkinnstillingar» og vel «Språk». Vel lista i rullegardinmenyen «Brukargrensesnittet» og språket som blei installert. Dersom det er ønskjeleg, gjer det same med «Lokale innstillingar», «Standard valuta» og «Standardspråk for dokument».

Etter å ha justert innstillingane, trykk på OK. Dialogvindauget vert lukka og ei melding om at innstillingane vert aktiverte ved neste oppstart av LibreOffice vert vist. Start programmet på nytt (hugs også å lukke snøggstartaren.)

Neste gang LibreOffice starter, vil det starte i det språket du nettopp installerte.

----------------------------------------------------------------------
Problem ved programoppstart
----------------------------------------------------------------------

Problem med å starte LibreOffice (f.eks. program som heng seg opp), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema dukkar opp, kan du prøve å oppdatere skjermkort-drivaren, eller prøve å bruke skjermkort-drivaren som blei levert med operativsystemet. Problem med å vise 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerne avkryssinga for «Bruk maskinvareakselerasjon» under «Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Vis → Biletvising».

----------------------------------------------------------------------
Snartastar
----------------------------------------------------------------------

Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje er brukte i operativsystemet kan brukast i LibreOffice. Dersom ein tastekombinasjon i LibreOffice ikkje verkar som det står i hjelptekstane, sjå etter om snartastane er i bruk av operativsystemet. For å løyse slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet. Du kan også endra nesten alle tastekombinasjonane i LibreOffice. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i LibreOffice eller dokumentasjonen for operativsystemet.

----------------------------------------------------------------------
Fillåsing
----------------------------------------------------------------------

Låsing av filer er slått på som standard i  LibreOffice. På eit nettverk som brukar Network File System protocol (NFS), må låsetenesta NFS-klientar vere aktivert. For å slå av fillåsing, rediger skriptet soffice og endra linja «export SAL_ENABLE_FILE_LOCKING» til «# export SAL_ENABLE_FILE_LOCKING». Dersom låsing av filer er slått av, vil skrivetilgangen ikkje verta avgrensa til den første brukaren som opnar dokumentet.

----------------------------------------------------------------------
Grafisk yting
----------------------------------------------------------------------

Som standard favoriserer LibreOffice god utsjånad på grafikken framføre fart. Dersom den grafiske ytinga er dårleg, slå av «Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Bruk kantutjamning».

----------------------------------------------------------------------
Viktig informasjon om tilgjenge
----------------------------------------------------------------------

For meir informasjon om tilgjengestøtte i LibreOffice, sjå http://www.libreoffice.org/accessibility/

----------------------------------------------------------------------
Brukarstøtte
----------------------------------------------------------------------

I hovudsida for brukarstøtte, http://www.libreoffice.org/support/, kan du finne mykje hhjelp for  LibreOffice. Kanskje er spørsmålet ditt alt svart på i forumet på http://www.documentfoundation.org/nabble/ eller du kan søke i arkivet til e-postlista «users@libreoffice.org» på http://www.libreoffice.org/lists/users/. Finn du ikkje svaret der heller, kan du sende spørsmålet til users@libreoffice.org. Dersom du vil abonnere på lista (for å få tilbakemeldingar på e-post), send ein tom e-post til: users+subscribe@libreoffice.org.

Les også vår OSS på http://www.libreoffice.org/faq/.

----------------------------------------------------------------------
Rapporter inn feil & problem
----------------------------------------------------------------------

Systemet vårt for å rapportera, spora og retta opp feil er for tida BugZilla, som er plassert på https://bugs.libreoffice.org/. Vi oppmodar alle brukarane til å rapportera feil som måtte oppstå på den plattforma dei brukar. Aktiv feilrapportering er ein av dei beste måtane brukarane kan vera med å utvikla og forbetra LibreOffice på.

----------------------------------------------------------------------
Engasjer deg
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice-miljøet vil ha stor hjelp av at du deltar aktivt i utviklinga av dette viktige fri programvare-prosjektet.

Som brukar er du alt ein verdifull del av utviklingsprosessen og vi vil oppmuntra deg til å ta ei aktiv rolle som bidragsytar i miljøet. Bli med og les meir på sida for bidragsytarar http://www.libreoffi ce.org/contribution/

Korleis kome i gang
----------------------------------------------------------------------

Denne beste måten å bidra på er å abonnere på ei eller fleire av e-postlistene, følj med ei stund og ta gradvis i bruk e-postarkiva for å gjere deg kjend med mange av dei tema som er dekka etter at kjeldekoden til LibreOffice blei gjort tilgjengeleg i oktober 2000. Når du føler deg klar, treng du berre å sende ein e-post der du introduserer deg sjølv og hoppe i det. Kjenner du Open kjeldekode-prosjekta frå før, ta ein kikk på lista over oppgåver på http://www.libreoffice.org/develop/ og sjå om det er noko du kan hjelpe til med.

Abonner
----------------------------------------------------------------------

Her er nokre av e-postlistene du kan abonnere på http://www.libreoffice.org/contribution/

* Nyhende: announce@documentfoundation.org *tilrådd for alle brukarar* (liten trafikk)
* Hovudliste for brukarar: users@libreoffice.org *enkelt å følgje med på diskusjonar* (mykje trafikk)
* Marknadsføringprosjekt: marketing@libreoffice.org *utover utvikling* (er i ferd med å verta tung.
* Generell utviklarliste: libreoffice@lists.freedesktop.org (høg trafikk)

Bli med i eitt eller fleire prosjekt
----------------------------------------------------------------------

Du kan gjøre mykje for prosjektet sjølv om du ikkje har erfaring med programvareutvikling og programmering. Ja, nettopp du!

Vi håper du har glede av å arbeide med LibreOffice 4.3 og at vi snart møter deg på nettet.

LibreOffice-miljøet

----------------------------------------------------------------------
Brukt/endra kjeldekode
----------------------------------------------------------------------

Deler av opphavsrett 1998, 1999 James Clark. Deler av opphavsrett 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.