
======================================================================
LibreOffice 5.2 ReadMe
======================================================================


For dei siste oppdateringane av denne fila, sjå http://www.libreoffice.org/welcome/readme.html

Denne fila inneheld viktig informasjon om LibreOffice. Du bør lesa denne informasjonen nøye før installasjon.

LibreOffice-fellseskapet er ansvarleg for utviklinga av dette produktet og inviterer deg til å verta ein del av samarbeidet som bidragsytar. Er du ein ny brukar, kan du kikka innom nettstaden til LibreOffice. Der vil du finna masse informasjon om prosjektet LibreOffice og miljøet rundt det. Gå til http://www.libreoffice.org/.

Er LibreOffice verkeleg gratis for alle?
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice er gratis å bruka for alle. Du kan installere dette eksemplaret av LibreOffice på så mange datamaskiner du vil, og bruka det til kva du vil (gjeld også bruk i det offentlege, i næringslivet og innan utdanning). Du kan lesa meir om vilkåra i lisensteksten som følgjer med LibreOffice.

Kvifor er LibreOffice gratis for alle?
----------------------------------------------------------------------

Denne kopien av LibreOffice kan brukast gratis fordi individuelle bidragsytarar og korporative sponsorar har laga, utvikla, testa, omsett, dokumentert, støtta, marknadsført og hjelpt til på mange andre måtar for å gjere LibreOffice til det er i dag - verdas leiande Open kjeldekode-produktivitetgruppevare for heim og kontor.

Dersom du verdset innsatsen deira og vil syta for at LibreOffice held fram med å vere tilgjengeleg langt inn i framtida, kan du vurdera å bidra til prosjektet. For nærare informasjon sjå: http://www.documentfoundation.org/contribution/. Alle kan bidra med noko.

----------------------------------------------------------------------
Merknadar om installasjonen
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice brukar ein nyare versjon av Java køyretidsmiljø (JRE) for å kunna ta i bruk alle funksjonane. JRE er ikkje ein del av installasjonspakka for LibreOffice og må difor installerast ekstra.

Systemkrav
----------------------------------------------------------------------

Me tilrår å bruka installasjonverktøya i Linux-distribusjonen for å installera LibreOffice (som programvaresenteret i Ubuntu Linux.) Dette er normalt den enklaste måten å få ein installasjon som er optimalisert med tanke på integrasjon i systemet. LibreOffice kan også vera installert som standard.

Dette «frittståande» installasjonverktøyet for LibreOffice er laga for brukarar med behov for førehandsvisingar, med spesielle behov og i spesielle tilfelle.

* Versjon 2.6.18 eller nyare av Linux-kjernen
* glibc2 versjon 2.5 eller nyare;
* freetype version 2.2.0 eller høgare;
* Versjon 2.10.4 eller nyare av gtk
* Gnome 2.16 eller høgare, med pakkane gail 1.9 og at-spi 1.7 (nødvendig for å støtta hjelpeteknologiske verktøy [assistive technologies, AT]), eller ein annan kompatibel GUI (som KDE mellom andre).

Det finst mange Linux-distribusjonar, og installasjonalternativa kan variera hos dei ulike leverandørane (KDE kontra GNOME osv.). Ein del distribusjonar kjem med deira «eigen versjon» av LibreOffice, som kan vera ulik den versjonen fellesskapet gjev ut. I mange tilfelle kan både versjonen av LibreOffice frå miljøet og den frå distribusjonen verta installerte side om side, men det kan hende at det er ønskjeleg eller nødvendig å fjerna versjonen som følgde med distribusjonen før installasjon. For detaljert informasjon om korleis dette kan gjerast, sjå etter i brukarrettleiinga frå Linux-leverandøren.

Du bør alltid ta ein reservekopi av systemet før du fjernar eller installerer programvare.

Kontroller at det er nok tilgjengeleg minne i mappa for mellomlagring i operativsystemet og at du har lese-, skrive- og køyrerettar på denne mappa. Lukk alle andre program før du startar installasjonen.

Installasjon av LibreOffice på Debian/Ubuntu-baserte Linux-system
----------------------------------------------------------------------

Les avsnittet «Installera språkpakke» nedanfor om korleis ei språkpakke skal installerast (etter at den US-engelske versjonen av LibreOffice er installert).

Når du pakkar ut nedlastinga vil du sjå at innhaldet er fordelt på undermapper. Opna filhandteraren og byt til undermappa kalla «LibreOffice_» etterfylgd av versjonsnummeret og informasjon om kva plattform installeringa er laga for.

Denne mappa inneheld ei undermappe med namnet «DEBS». Bytt til denne mappa.

Høgreklikk i mappa og vel «Opna i terminal». Eit terminalvindauge kjem fram. Skriv den følgjande kommandoen (du vert beden om å oppgje passordet til superbrukar/administrator før køyring av kommandoen) i kommandolinja i terminalvindauget:

Denne kommandoen vil installera LibreOffice og skrivebordsintegrasjonen. (Du kan enklast kopiera og lima inn kommandoen i vindauget i staden for å skrive han inn manuelt):

sudo dpkg -i *.deb

Installasjonprosessen er no fullført og ikon for alle programma i LibreOffice skal vera tilgjengelege i  program-/kontormenyen på skrivebordet.

Installering av LibreOffice på Fedora, openSUSE, Mandriva og andre Linux-system ved hjelp av RPM-pakker.
----------------------------------------------------------------------

Du finn rettleiing om installering av språkpakker (etter å ha installert US engelsk-versjonen av LibreOffice) nedanfor i bolken med namnet «Installera språkpakker».

Når du pakkar ut nedlastinga vil du sjå at innhaldet er fordelt på undermapper. Opna filhandteraren og byt til undermappa kalla «LibreOffice_» etterfylgd av versjonsnummeret og informasjon om kva plattform installeringa er laga for.

Denne mappa inneheld ei undermappe kalla «RPMS». Bytt til denne mappa.

Høgreklikk i mappa og vel «Opna i terminal». Eit terminalvindauge kjem fram. Skriv den følgjande kommandoen (du vert beden om å oppgje passordet til superbrukar/administrator før køyring av kommandoen) i kommandolinja i terminalvindauget: 

For Fedora-baserte system: su -c 'yum install *.rpm'

For Mandriva-baserte system: su -c urpmi *.rpm

For andre RPM-baserte system (openSuse osv.): rpm -Uvh *.rpm

Installasjonprosessen er no fullført, og ikon for alle programma i LibreOffice skal vera tilgjengelege i  program-/kontormenyen på skrivebordet.

Alternativt kan du bruka «insstall»-skriptet som du finn øvst i denne arkivmappa for å installera som ein brukar. Skriptet vil setja opp LibreOffice med ein eigen profil for denne installasjonen, skild frå den normale LibreOffice-profilen. Merk at dette vil ikkje installera systemintegrasjonsdelar som skrivebordsmenyar og registrering av MIME-typar.

Merknadar for skrivebordintegrasjon i Linux-distribusjonar som ikkje er dekka i installasjonsrettleiinga over
----------------------------------------------------------------------

Det er tolleg enkelt å installera LibreOffice på andre Linux-distribusjonar som ikkje vert dekka av installasjonsrettleiinga. Integrasjonen av programvaren på skrivebordet kan variera.

Mappa RPMS (eller eventuelt DEBS) inneheld også ei pakke kalla libreoffice5.2-freedesktop-menus-5.2.noarch.rpm(or libreoffice5.2-debian-menus_5.2.0.1-1_all.deb, respectively eller liknande). Dette er ei pakke for alle Linux-distribusjonar som støtter spesifikasjonane/tilrådingane til Freedesktop.org (http://en.wikipedia.org/wiki/Freedesktop.org) og er gjort tilgjengeleg for installasjon på Linux-distribusjonar som ikkje er dekka av dei føregåande instruksjonane.

Installera ei språkpakke
----------------------------------------------------------------------

Last ned språkpakka for det ønskte språket og den ønskte plattforma. Dei er tilgjengelege frå den same staden som standardinstallasjonen. Bruk filhandteraren og pakk ut det nedlasta arkivet i ei mappe (for eksempel skrivebordet). Syt for at du har avslutta alle program i LibreOffice (også snøggstartaren dersom denne er aktiv.)

Byt til mappa der den nedlasta språkpakka vart pakka ut.

Opna mappa som vart oppretta under utpakkinga. For eksempel vil mappa med norsk språkpakke for eit 32-bit Debian/Ubuntu-basert system ha namnet LibreOffice_ med versjonsnummer og Linux_x86_langpack-deb_nn.

Byt til mappa som inneheld pakkene som skal installerast. På Debian/Ubuntu-baserte system vil katalogen heita DEBS. På Fedora-, openSUSE- og Mandriva-baserte system vil kataloge heita RPMS.

Frå filhandteraren, høgreklikk i mappa og vel kommandoen «Opna i terminal». I terminalvindauget, køyr kommandoen for å installera språkpakkene (kommandoane under vil kanskje krevja passordet til superbrukar):

For Debian/Ubuntu-baserte system: sudo dpkg -i *.deb

For Fedora-baserte system: su -c 'yum install *.rpm'

For Mandriva-baserte system: su -c urpmi *.rpm

For andre RPM-baserte system (openSuse, osv.): rpm -Uvh *.rpm

Opna eit av programma i LibreOffice, for eksempel Writer. Gå til menyen «Verktøy» og vel «Innstillingar». I dialogvindauget «Innstillingar», trykk på «Språkinnstillingar» og vel «Språk». Vel lista i rullegardinmenyen «Brukargrensesnittet» og språket som vart installert. Dersom det er ønskjeleg, gjer det same med «Lokale innstillingar», «Standard valuta» og «Standardspråk for dokument».

Etter å ha justert innstillingane, trykk på OK. Dialogvindauget vert lukka og ei melding om at innstillingane vert slått på ved neste oppstart av LibreOffice vert vist. Start programmet på nytt (hugs også å lukka snøggstarten.)

Neste gong LibreOffice startar, vil det starta i det språket du nettopp installerte.

----------------------------------------------------------------------
Problem ved programoppstart
----------------------------------------------------------------------

Problem med å starta LibreOffice (f.eks. program som heng seg opp), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema dukkar opp, kan du prøva å oppdatera skjermkort-drivaren eller prøva å bruka skjermkort-drivaren som vart levert med operativsystemet. Problem med å visa 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerna avkryssinga for «Bruk OpenGL» under «Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Vis → 3D-vising».

----------------------------------------------------------------------
Snartastar
----------------------------------------------------------------------

Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje er brukte i operativsystemet kan brukast i LibreOffice. Dersom ein tastekombinasjon i LibreOffice ikkje verkar som det står i hjelptekstane for LibreOffice, sjå etter om snartastane er i bruk av operativsystemet. For å løysa slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet. Du kan også endra nesten alle tastekombinasjonane i LibreOffice. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i LibreOffice eller dokumentasjonen for operativsystemet.

----------------------------------------------------------------------
Fillåsing
----------------------------------------------------------------------

Låsing av filer er slått på som standard i LibreOffice. På eit nettverk som brukar Network File System protocol (NFS), må låsetenesta NFS-klientar vera slått på. For å slå av fillåsing, rediger skriptet soffice og endra linja «export SAL_ENABLE_FILE_LOCKING» til «# export SAL_ENABLE_FILE_LOCKING». Dersom låsing av filer er slått av, vert skrivetilgangen ikkje avgrensa til den første brukaren som opnar dokumentet.

----------------------------------------------------------------------
Grafisk yting
----------------------------------------------------------------------

Som standard favoriserer LibreOffice god utsjånad på grafikken framføre fart. Dersom den grafiske ytinga er dårleg, slå av «Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Bruk kantutjamning».

----------------------------------------------------------------------
Viktig informasjon om tilgjenge
----------------------------------------------------------------------

For meir informasjon om tilgjengestøtte i LibreOffice, sjå http://www.libreoffice.org/accessibility/

----------------------------------------------------------------------
Brukarstøtte
----------------------------------------------------------------------

I hovudsida for brukarstøtte, http://www.libreoffice.org/support/, kan du finna mykje hjelp for  LibreOffice. Kanskje er spørsmålet ditt alt svart på i forumet på http://www.documentfoundation.org/nabble/ eller du kan søkja i arkivet til e-postlista «users@libreoffice.org» på http://www.libreoffice.org/lists/users/. Finn du ikkje svaret der heller, kan du senda spørsmålet til users@libreoffice.org. Dersom du vil abonnera på lista (for å få tilbakemeldingar på e-post), send ein tom e-post til: users+subscribe@libreoffice.org.

Les også vår OSS på http://www.libreoffice.org/faq/.

----------------------------------------------------------------------
Rapporter inn feil & problem
----------------------------------------------------------------------

Systemet vårt for å rapportera, spora og retta opp feil er for tida BugZilla, som er plassert på https://bugs.libreoffice.org/. Me oppmodar alle brukarane til å rapportera feil som måtte oppstå på den plattforma dei brukar. Aktiv feilrapportering er ein av dei beste måtane brukarane kan vera med å utvikla og forbetra LibreOffice på.

----------------------------------------------------------------------
Engasjer deg
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice-fellesskapet vil ha stor hjelp av at du deltar aktivt i utviklinga av dette viktige fri programvare-prosjektet.

Som brukar er du alt ein verdifull del av utviklingsprosessen og me vil oppmuntra deg til å ta ei aktiv rolle som bidragsytar i miljøet. Les meir på sida for bidragsytarar http://www.libreoffice.org/contribution/ og bli med.

Korleis kome i gang
----------------------------------------------------------------------

Denne beste måten å bidra på er å abonnera på ei eller fleire av e-postlistene og følje med ei stund for så å ta gradvis i bruk e-postarkiva for å gjere deg kjend med mange av dei tema som er dekkja etter at kjeldekoden til LibreOffice vartgjort tilgjengeleg i oktober 2000. Når du føler deg klar, treng du berre å sende ein e-post der du introduserer deg sjølv og hoppe i det. Kjenner du Open kjeldekode-prosjekta frå før, ta ein kikk på lista over oppgåver på http://www.libreoffice.org/develop/ og sjå om det er noko du kan hjelpe til med.

Abonner
----------------------------------------------------------------------

Her er nokre av e-postlistene du kan abonnera på http://www.libreoffice.org/contribution/

* Nyheitar: announce@documentfoundation.org *tilrådd for alle brukarar* (liten trafikk)
* Hovudliste for brukarar: users@libreoffice.org *enkelt å følgje med på diskusjonar* (mykje trafikk)
* Marknadsføringprosjekt: marketing@libreoffice.org *utover utvikling* (er i ferd med å verta tung.
* Generell utviklarliste: libreoffice@lists.freedesktop.org (høg trafikk)

Bli med i eitt eller fleire prosjekt
----------------------------------------------------------------------

Du kan gjera mykje for prosjektet sjølv om du ikkje har erfaring med programvareutvikling og programmering. Ja, nettopp du!

Me vonar du har glede av å arbeida med LibreOffice 5.2 og at vi snart møter deg på nettet.

LibreOffice-miljøet

----------------------------------------------------------------------
Brukt/endra kjeldekode
----------------------------------------------------------------------

Deler av opphavsrett 1998, 1999 James Clark. Deler av opphavsrett 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.