Dialogen gir deg høve til å laste ned eit bilete, dersom GIMP kjenner formatet, frå ei nettverksadresse (URI), frå ein bane på harddisken din eller frå andre datakjelder. Normalt vil utgangspunktet vere /home/<brukarnamn>/ på Linux og C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\Mine dokumenter\Mine bilder\ på Windows. Dette er utgangspunktet for relativ adressering. Du kan også skrive inn absolutte adresser.
Dei vanlegaste måtane å opne bilete på er
for å opna biletet frå eit lokalt lagringsmedium
Du kan sløyfe «file://» om du vil og bare skrive inn filnamnet med full, relativ eller absolutt sti.
Kva for mappe som er førevald for relative adresser, er avhengig av operativsystemet. I Linux er det til vanleg /home/<username>/, i Windows C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\My Documents\My Images\ og /Users/<brukarnamn>/ på Mac OS X.
for å opna eit bilete frå ein ftp-tenar
for å laste ned biletet frå ei nettside
|
Tips |
|---|---|
|
Når du er inne på ei nettside, kan du høgreklikke på eit bilete og velje «Kopier bildeadresse» på lokalmenyen som kjem opp. Klikk deretter på «Opna ei adresse» i hovudmenyen for GIMP og lim adressa inn i menyen «Opna adresse». Sjølv om denne måten gjer det lett å grabbe biletet frå nettsider: Respekter reglane for opphavsrett! Ikkje alle bilete er til fritt bruk, endå om dei er publiserte på Internett. |