Dokumentstruktur
Vis dokumentstrukturen slik at du raskt kan hoppa til andre lysbilete eller veksla mellom opna filer.
Du kan festa dokumentstrukturen til kanten av arbeidsområdet.
Trykk på Ctrl + Shift + F5 for å opna dokumentstrukturen når du redigerar ein presentasjon.
Peikar
Endra musepeikaren til ein penn du kan skriva på lysbileta med under ei framvising. Du kan ikkje endra fargen på pennen.
![]()
Peikar
Første lysbilete
Går til det første lysbiletet i lysbiletframvisinga.
Første side
Førre lysbilete
GÃ¥r tilbake eitt lysbilete i lysbiletframvisinga.
Førre lysbilete
Neste lysbilete
GÃ¥r fram eitt lysbilete i lysbiletframvisinga.
Neste lysbilete
Siste lysbilete
GÃ¥r til det siste lysbiletet i lysbiletframvisinga.
Siste lysbilete
Dra-modus
Dra og slepp lysbilete og namngjevne objekt inn i det aktive lysbiletet. Du kan berre setja inn lysbilete og namngjevne objekt frå lagra filer. Namngjevne objekt kan berre setjast inn som kopiar.
![]()
Set inn som hyperlenkje
Set inn som lenkje
![]()
Set inn som kopi
Set inn som hyperlenkje
Set inn lysbilete som ei hyperlenkje (URL) i det aktive lysbiletet.
Set inn som lenkje
Set inn lysbilete som ei lenkje i det aktive lysbiletet.
Set inn som kopi
Set inn ein kopi av eit lysbilete eller eit namngjeve objekt i det aktive lysbiletet.
Vis former
I undermenten kan du velja å få opp ei oversikt over alle formene, eller berre dei namngjevne formene. Dra og slepp i lista for å omorganisera formene. Når du set fokus på eit lysbilete og trykkjer på Tab-tasten, vert den neste forma i rekkja vald.
Eksisterande lysbilete
Listar opp tilgjengelege lysbilete. Dobbeltklikk på eit lysbilete for å gjera det til det aktive lysbiletet.
Opna dokument
Vis ei liste over tilgjengelege LibreOffice-filer. Vel ei fil for å visa kva innhald du kan setja inn.