Kopiere berre synlege celler
Tenk deg at du har gøymd nokre rader i eit celleområde og vil kopiera, sletta eller formatera berre dei synlege cellene.
Måten LibreOffice handterer cellene på er avhengig av om cellene vart gjort usynlege av eit filter eller manuelt.
|
Framgangsmåte |
Resultat |
|
Cellene vart filtrerte av eit autofilter, standardfilter eller avansert filter. Kopier, slett, flytt eller formater eit utval av synlege celler. |
Berre dei synlege cellene i utvalet vert kopierte, sletta, flytta eller formaterte. |
|
Cellene vart gøymde ved å bruka kommandoen Gøym i lokalmenyen for rad- eller kolonneoverskrifta eller gjennom ei utheving. Kopier, slett, flytt eller formater eit utval av synlege celler. |
Alle cellene i utvalet, inklusive gøymde celler, vert kopierte, sletta, flytt eller formaterte. |