Dokumentstruktur
Viser eller gøymer dokumentstrukturen, der du kan hoppa raskt til ulike delar av dokumentet. Du kan òg bruka dokumentstrukturen til å setja inn element frå andre opne dokument eller til å handtera hovuddokument. Dersom du vil redigera eit element i dokumentstrukturen, høgreklikkar du og vel ein funksjon frå sprettoppmenyen. Dersom du vil, kan du setja fast dokumentstrukturvindauget i kanten på arbeidsområdet.
Du kan opna dokumentstrukturen ved å velja Vis → Dokumentstruktur. Du kan flytta dokumentstrukturvindauget ved å trykkja på tittellinja og dra vindauget dit du vil ha det. Du kan også festa vindauget ved å trykkja på tittellinja og dra vindauget til venstre eller høgre kant av arbeidsområdet. Viss du vil løysa vindauget igjen, hald nede Ctrl og dobbeltklikk på eit tomt område i dokumentstrukturen.
Trykk på plussteiknet (+) ved sida av ein kategori i dokumentstrukturen for å visa elementa i kategorien. For å sjå talet på punkt i ein kategori, kan du la musepeikaren kvile over kategorien i dokumentstrukturen. For å gå til eit element i dokumentet, kan du dobbeltklikka på elementet i dokumentstrukturen.
Du kan gå til neste eller førre element i dokumentet ved å trykkja på ikonet Navigering, slik at verktøylinja Navigering opnar seg. Vel den kategorien du ønskjer, og bruk deretter pil opp og ned.
Ein gøymd bolk i eit dokument vert vist med grå farge i Dokumentstruktur og viser teksten «Gøymd», når du lèt musepeikaren kvila over han. Det same gjeld for innhaldet i topp- og botntekstar i sidestilar som ikkje er brukte i eit dokument, gøymt innhald i tabellar, tekstrammer, bilete, OLE-objekt og register.
Slå hovudutforminga av/på
Byter mellom hovudvising og normal vising dersom eit hovuddokument er ope.
![]()
Slå hovudutforminga av/på
Navigering
Opnar verktøylinja Navigering, der du raskt kan gå til neste eller førre element i kategorien du har valt. Vel kategorien og trykk på pilene for førre eller neste element.
For å halda fram søket, trykkjer du på ikonet Gjenta søk på den flytande verktøylinja Navigering.
![]()
Navigering
Førre
Går til det førre elementet i dokumentet. Du kan spesifisera kva elemettype det skal hoppast til ved å klikka på knappen Navigering og velja kategori, for eksempel «Bilete».
![]()
Førre objekt
Neste
Går til det neste elementet i dokumentet. Du kan spesifisera kva elemettype det skal hoppast til ved å klikka på knappen Navigering og velja kategori, for eksempel «Bilete».
![]()
Neste objekt
Sidetal
Skriv inn sidenummeret du vil gå til og trykk Enter.
Du kan raskt flytta peikaren til ei anna side medan du er i eit dokument ved å trykkja Skift+CmdCtrl + F5, skriva inn sidetalet som du vil hoppa til og venta ein augneblink.
Listeboks
Viser eller gøymer Dokumentstruktur-lista.
![]()
Vis/gøym liste
Innhaldsvising
Byt mellom vising av alle kategoriar i dokumentstrukturvindauget og berre den valde kategorien.
![]()
Byt innhaldsvising
Du kan endra rekkjefølgja på overskrifter og tilhøyrande avsnitt ved å velja kategorien «Overskrifter» og så trykkja Innhaldsvising. Nå kan du bruka dra og slepp til å omorganisera innhaldet.
Vel påminning
Trykk her for å setja inn ei påminning ved peikaren. Det er råd å setja inn opp til fem slike påminningar. Du kan gå til ei påminning ved å trykkja knappen Dokumentstruktur for å opna vindauget «Dokumentstruktur». Her trykkjer du på knappen «Påminning» og deretter «Førre» eller «Neste».
![]()
Vel påminning
Topptekst
Flyttar skrivemerket til toppteksten eller frå toppteksten til tekstområdet i dokumentet.
![]()
Topptekst
Botntekst
Flyttar skrivemerket til botnteksten eller frå botnteksten til tekstområdet i dokumentet.
![]()
Botntekst
Anker <-> Tekst
Vekslar mellom fotnoteteksten og fotnoteankeret.
![]()
Anker <-> Tekst
Dra-modus
Vel alternativ for innsetjing av element ved å dra og sleppa frå dokumentstrukturen til eit dokument. Trykk på denne knappen og vel eit alternativ, for eksempel innsetjing som hyperlenkje.
![]()
Dra-modus
Set inn som hyperlenkje
Lagar ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit elementi nn i dette dokumentet. Trykk på hyperlenkja for å gå til elementet som hyperlenkja viser til.
Set inn som lenkje
Set inn element som ei lenkje der du slepp det i dokumentet. Tekst vert sett inn som skriveverna bolkar. Innhaldet til lenkja vert automatisk oppdatert når kjelda vert endra. Trykk Verktøy → Oppdater → Lenkjer for å oppdatera lenkjene i eit dokument manuelt. Det er ikkje mogleg å oppretta lenkjer til grafikk, OLE-objekt, referansar eller register.
Set inn som kopi
Set inn ein kopi av valde element der du slepp det i dokumentet. Det er ikkje mogleg å lage kopiar av grafikk, OLE-objekt, referansar eller register på denne måten.
Disposisjonsnivå
Trykk her for å velja talet på disposisjonsnivå med overskrifter som skal visast i dokumentstrukturvindauget. Du finn òg denne kommandoen når du høgreklikkar på ei overskrift i dokumentstrukturen.
1-10
Trykk på 1 om du berre vil sjå overskriftene på toppnivå i dokumentstrukturvindauget. Trykk på 10 om du vil sjå alle overskriftene.
![]()
Disposisjonsnivå
Kapittel opp
Flyttar den markerte overskrifta og teksten nedanfor denne eitt nivå opp i dokumentstrukturen og i dokumentet. Held du nede Ctrl-tasten når du trykker på denne knappen, vert berre overskrifta flytt (utan den tilhøyrande teksten).
![]()
Kapittel opp
Kapittel ned
Flyttar den markerte overskrifta og teksten under eitt nivå ned i dokumentstrukturen og i dokumentet. Hald nede Ctrl medan du trykkjer for berre å flytta den markerte overskrifta (utan tilhøyrande tekst).
![]()
Kapittel ned
Flytt nivå opp
Flytt den merkte overskrifta og teksten under eitt nivå opp i dokumentstrukturen og i dokumentet. Hald nede Ctrl medan du trykkjer for berre å flytta den markerte overskrifta eitt nivå opp.
![]()
Flytt eitt nivå opp
Flytt eitt nivå ned
Flytt den merkte overskrifta og teksten under eitt steg ned i disposisjonsnivået. Hald nede Ctrl medan du trykkjer på denne knappen for berre å flytta overskrifta (utan tilhøyrande tekst) eitt nivå ned.
![]()
Flytt eitt nivå ned
Opna dokument
Viser alle opne tekstdokument. Vel eit dokument i lista for å visa innhaldet i dokumentstrukturen. Dokumentet som vert vist i dokumentstrukturen er markert med ordet «aktiv» etter namnet i lista.
Du kan også høgreklikka eit element i dokumentstrukturen, velja Vis og så klikka det dokumentet du vil sjå på.