Figur 17.357. Applying example for the Grid (legacy) filter
Originalbiletet
Filter «Grid (legacy)» applied
Dette filteret teiknar eit rutenett på biletet. Du kan bestemma linjebreidde, avstand, forskyving og ulike fargar for linjene og krysningspunkta for linjene. I utgangspunktet bruker filteret forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.
|
Tips |
|---|---|
|
Dersom du set linjebreidda til 0, vil berre krysspunkta vere synlege som små kryss. |
Du kan setje verdiane for dei vassrette og loddrette linjene og for krysspunkta kvar for seg. Normalt er innstillingane for linjene låste saman for å gi eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkesymbolet for å opna låsen og t.d. bruke ulike fargar på linjene.
For nokre av innstillingane kan du velje måleeiningar i nedtrekksmenyen.
Bestemmer breidda på streken linjene eller symbola i krysspunkta vert teikna med.
Dette bestemmer avstanden mellom linjene i rutenettet. For Krysspunkta bestemmer dette parameteret kor stor del av innerdelen av krossen som skal vere utan farge.
Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne. For krysspunkta bestemmer dette parameteret armlengda på krossane.
Dersom du klikkar i desse boksane, vil du opna for ein fargeveljar som kan brukast for å bestemma fargen på linjene i rutenettet og for krysspunkta.