Felt
Set inn eit felt ved skrivemerket. Dialogvindauget inneheld ei liste over alle tilgjengelege felt.
Dokument
Felt vert brukte til å setja inn informasjon om det gjeldande dokumentet, for eksempel filnamn, mal, statistikk, brukarinformasjon, dato og klokkeslett.
Kryssreferansar
Her set du inn referansar eller refererte feil i dokumentet. Referansar er refererte felt i det same dokumentet eller i deldokument i eit hovuddokument.
Fordelen med å skriva inn ein kryssreferanse som eit felt, er at du ikkje treng å justera referansen manuelt kvar gong du gjer endringar i dokumentet. Du treng berre å oppdatera felta ved å trykkja F9. Då vert også referansane i dokumentet oppdaterte.
Funksjonar
Avhengig av kva felttype du vel, kan du tilpassa vilkår til bestemte funksjonar. For eksempel kan du definera eit felt som køyrer ein makro når du klikkar i feltet i dokumentet eller eit vilkår som gjer at feltet vert gøymd når vilkåret er oppfylt. Du kan også definera plasshaldarfelt som set inn bilete, tabellar, rammer eller andre objekt i dokumentet når dette er ønskjeleg.
Dokumentinformasjon
Dokumentinformasjonsfelta inneheld informasjon om eigenskapane til eit dokument, for eksempel datoen då dokumentet vart laga. Du kan visa eigenskapane til eit dokument frå Fil → Eigenskapar.
Variablar
Variabelfelt let deg leggja til dynamisk innhald i dokumentet. Du kan for eksempel bruka ein variabel til å nullstilla sidenummereringa.
Set inn
Set det valde feltet inn i dokumentet ved skrivemerket. Trykk Lukk for å lukke dialogvindauget.