LibreOffice 7.3 Hjelp
Verktøylinja for tabellar inneheld funksjonane du treng for å arbeida med tabellar. Verktøylinja kjem fram når du flyttar skrivemerket inn i ein tabell.
Trykk på knappen Kantlinjefarge for å opna verktøylinja for kantlinjefarge, som let deg endra kantlinjefargen på eit objekt.
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Combines the contents of the selected cells into a single cell, retaining the formatting of the first cell in the selection.
Opnar ei verktøylinje som inneheld funksjonar for å optimere rader og kolonnar i tabellar.
Set inn éi eller fleire rader i tabellen under skrivemerket. Du kan setja inn fleire enn éi rad ved å opna det tilhøyrande dialogvindauget (vel Tabell → Set inn → Rader) eller ved å velja fleire enn éi rad før du trykkjer på ikonet. Med den andre metoden får dei nye radene same høgd som dei radene du valde.
Set inn éin eller fleire kolonnar i tabellen etter markeringa. Du kan setja inn fleire kolonnar samtidig ved å opna dialogvindauget (vel Tabell → Set inn → Kolonnar) eller ved å velja fleire kolonnar før du trykkjer på ikonet. Med den siste metoden får dei nye kolonnane same relative breidd som dei kolonnane du valde.
Opnar fana for tabellutforming. Dobbeltklikk på ei førehandsvising for å formatere tabellen.
Tabellutforming